Kong Arthur-spelet 10 år i  2010!

Vi er i gong igjen -  med entusiastiske aktørar, ny musikk og historisk symposium om Kong Arthur. Den 14. og 15. august vil Sandsøya "eksplodere" i auka folketal, gjensynsglede og fine opplevingar.

Kong Arthur-spelet har fått ny spelsekretær, Ingunn Notøy. Ho vil arbeide ifrå Oslo, men vil vere like tilgjengeleg som vi andre. Dersom du vil snakke med henne finn du henne på tlf 90 18 12 59

Kreativt og annleis spel

 

Kong Arthur-spelet har meir enn noko anna spel klart å vere nyskapande og behalde gründerånda i spelet. Kvart år vert spelet endra. Vi lærer litt kvart år. Medan sjølve soga om kong Arthur er lik i hovudtrekk, vert tingscena ny kvart år.  Vi er liksom både i notid og i år 534.  Grensesprengande og musikalske oppleving med aktørane tett innpå. Og nettopp denne blandinga med superflinke born og eldre amatørskodespelarar i rollene, gjer at ein blir både imponert og medriven.

14. og 15. august 2010 er neste spel.

Då vil vi ha klar eit nytt og "tidsaktuelt" spel.

Vel møtt !!!