Årets spel 2019

No er det 19 år sidan det første Kong Arthurspelet, og vi er klare på nytt! Det nærmar seg årets spel, og etter eit pauseår ser vi no fram til nye sprell på Kongsvollen.

Kong Arthurspelet er eit humoristisk sogespel. Det vert framført på Sandsøya eller Dolløya som øya heitte på Keltisk og gamalnorsk. Spelet si målgruppe er familien, men med humor som går på fleire nivå. Spelet er derfor god underhaldning for både barn og vaksne!

Framsyningstider:

Laurdag kl 13 og kl 16.30.
Søndag kl. 15.00

Bilettprisar 300,-/100,-
Under skulealder gratis

Vi ser fram til årets sogespel, og kan love ei god forestilling med latter, moro, spenning og vakker musikk!

Ta med deg ein ven, eller fleire og kom å sjå årets Kong Arthurspel!