Jubileumspel 2020 (utsett til 2021!)

I år skulle vi eigentleg ha jubileums-framsyning og feire 20 år med spel, men slik vart det desverre ikkje.

Vi må dessverre utsette Kong Arthurspelet til neste år, den 14. og 15. august 2021. Då satsar vi på at alt er tilbake til “normalen” slik at vi får møtast på Kongsvollen igjen, til latter, dramatikk og vakre tonar.

“Rykta og minna om Kong Arthur vil leva i 1000års gamale segn”


No er det 20 år sidan det fyrste Kong Arthurspelet, og vi er klare på nytt! Det nærmar seg årets spel, og vi ser fram til nye sprell på Kongsvollen.

Kong Arthurspelet er eit humoristisk sogespel. Det vert framført på Sandsøya eller Dolløya som øya heitte på Keltisk og gamalnorsk. Spelet si målgruppe er familien, men med humor som går på fleire nivå. Spelet er derfor god underhaldning for både barn og vaksne!

Framsyningstider:

Laurdag 8. august kl 13 og kl 16.30.
Søndag 9. august kl. 15.00

Bilettprisar 300,-/100,-
Under skulealder gratis

Vi ser fram til årets sogespel, og kan love ei god forestilling med latter, moro, spenning og vakker musikk!

Ta med deg ein ven, eller fleire og kom å sjå årets Kong Arthurspel!