Styret, Manus og Regi

Styret for stiftinga Kong Arthurspelet er; Jostein Korsnes, Arild Sande, Wenche Lännerholm og Annbjørg Rovde Frågodt.

Manusforfattarar er Odd Kåre Wiik, Arild Sande, Astrid Saure, Brit Gurskevik, og Oddbjørn Hagen som også er regissør og har hovudansvar for manusguppa. Idémakar for dette prosjektet er Jostein Korsnes. Musikken er laga av Nils Iver Holtar, men ein nykomar i år etter han er Tale Vang Ellefsen.

Enkelte deler av manuset endrar seg frå år til år og kombinerer gamle segn med nyare konflikter og problemstillingar. Manusforfattarane legg stor vekt på språket og har krydra dette med mange gamle lokale ord og uttrykk. Arbeid, overtru, mystikk og trugande påtrengarar er kvardagen i ei tid der impulsane frå framande kulturar har starta sitt inntog.

Spelet er Sande kommune sitt tusenårsprosjekt, og skal framsynast igjen den 12. og 13. august 2017. I dette humoristiske friluftsteateret møter vi folket på og kring Kongsvollen slik det var for omlag 1500 år sidan.