Program og billettar

No er det 17 år sidan det første Kong Arthurspelet, og vi er klare på nytt! Det nærmar seg årets Kong Arthurspel, og etter fjorårets innsats ser vi no fram til nye sprell på Kongsvollen.

Kong Arthurspelet er eit humoristisk sogespel. Det vert framført på Sandsøya eller Dolløya som øya heitte på Keltisk og gamalnorsk. Spelet si målgruppe er familien, men med humor som går på fleire nivå. Spelet er derfor god underhaldning for både barn og vaksne!

Meir informasjon om programmet står i programheftet du får utlevert etter innbetaling.

Framsyningstider

På kongsvollen
Laurdag kl 13 og kl 16.30.
Søndag kl. 15.00

Billettar

Billettkjøp ved inngangen
Bilettprisar 300,-/100,-

Born under skulealder kjem gratis inn

Vi brukar òg Sparebanken Møre sin app SPING som betalingsalternativ.

Vil du førehandsbestille billett, kan du gå inn på lenka til Sjøborg.

Vi ser fram til årets sogespel, og kan love ei god forestilling med latter, moro, spenning og vakker musikk! Ta med deg ein ven, eller fleire og kom å sjå årets Kong Arthurspel. Vi sjåast!