Kong Arthur-kabaret august 2022!

KONGELEG KABARET PÅ KONGSVOLLEN

Kong Arthurspelet byd inn til kongeleg kabaret på Sandsøya, laurdag 14.august kl 16:00.
Som ei erstatning for avlyst spel, kan publikum få oppleve vakker song, musikk, galskap og humor i ekte «Kong Arthurånd».
Ei mindre gruppe frå spelet, med regissør Oddbjørn Hagen i spissen, er klar for ei feststund på vollen. Gamlekongen, Wilhelm Støylen, er konferansier, og vår dyktige Tale Vang Ellefsen er musikalsk ansvarleg.
Det blir kun førehandssal på billettar og det er sett opp båtskyss Larsnes -Sandshamn t/r.
Vi har grense på 200 billettar så det blir god avstand i amfiet.
Her kan du kjøpe billett til kabaret og båt. Her finn du også rutetidene:
NB: Det blir ikkje oppsett skyss frå Voksa ferjekai. Alle som kjøper båtbillett må møte til den avgongen dei har kjøpt til.
Alle må ha munnbind på båten og ta vanlege omsyn til smittevern.
Og hugs:
Kl. 12:00 blir det aktivitetar og sprell ilag med aktørar for ungar på Martinstranda, med m.a Wilhelm frå BarneTV.

Kong Arthurspelet 2021 er utsett til 2022!

Grunna koronapandemien, må vi dessverre utsette Kong Arthurspelet til neste år, 2022! Då satsar vi på at alt er tilbake til “normalen” slik at vi får møtast på Kongsvollen igjen, til latter, dramatikk og vakre tonar.

“Rykta og minna om Kong Arthur vil leva i 1000års gamale segn”

Styret

Jubileumspel 2020 (utsett til 2021!)

I år skulle vi eigentleg ha jubileums-framsyning og feire 20 år med spel, men slik vart det desverre ikkje.

Vi må dessverre utsette Kong Arthurspelet til neste år, den 14. og 15. august 2021. Då satsar vi på at alt er tilbake til “normalen” slik at vi får møtast på Kongsvollen igjen, til latter, dramatikk og vakre tonar.

“Rykta og minna om Kong Arthur vil leva i 1000års gamale segn”

No er det 20 år sidan det fyrste Kong Arthurspelet, og vi er klare på nytt! Det nærmar seg årets spel, og vi ser fram til nye sprell på Kongsvollen.

Kong Arthurspelet er eit humoristisk sogespel. Det vert framført på Sandsøya eller Dolløya som øya heitte på Keltisk og gamalnorsk. Spelet si målgruppe er familien, men med humor som går på fleire nivå. Spelet er derfor god underhaldning for både barn og vaksne!

Framsyningstider:

Laurdag 8. august kl 13 og kl 16.30.
Søndag 9. august kl. 15.00

Bilettprisar 300,-/100,-
Under skulealder gratis

Vi ser fram til årets sogespel, og kan love ei god forestilling med latter, moro, spenning og vakker musikk!

Ta med deg ein ven, eller fleire og kom å sjå årets Kong Arthurspel!

Matservering i spélhelga

Rosenlund

Det vert held ope på rosenlund i spélhelga! Her under kan du sjå opningstider.

Fredag 9. august: Pub 22.00-02.00
Laurdag 10. august: Matservering 12.00-20.00, Pub 22.00-02.00
Søndag 11. august: Matservering 13.00-18.00

For overnatting eller båtplass, ta kontakt med Gunnhild og Helge Johnny Voksøy.

[Klikk her for å gå til lenke: Rosenlund]

Fiskarheimen

Samarbeidslaget på Sandsøya har i år kafe på Fiskarheimen og kiosken ved spelplassen. Kafeen på Fiskarheimen har opningstider laurdag 11.30. – 20.00 og søndag 11.30. – 18.00. Dei serverer fylgjande:

* Grillkotelett eller marinert laks m/potetsalat og grøn salat kr. 150,-  |  * Rømmegraut kr. 100,-  |  * Pølse m/chips kr. 60,-  |  * Chips kr. 40,-  |  * Brus kr. 30,-  |  * Kaker kr. 30,-  |  * Kaffi kr. 10,-

Kiosken på spelplassen serverer baguetter, pastasalat, pølse m/brød, is, brus og kaffi. Dei har ope litt før og etter spelet, og under heile spelet.

[Klikk her for å gå til lenke: Fiskarheimen]

Årets spel 2019

No er det 19 år sidan det første Kong Arthurspelet, og vi er klare på nytt! Det nærmar seg årets spel, og etter eit pauseår ser vi no fram til nye sprell på Kongsvollen.

Kong Arthurspelet er eit humoristisk sogespel. Det vert framført på Sandsøya eller Dolløya som øya heitte på Keltisk og gamalnorsk. Spelet si målgruppe er familien, men med humor som går på fleire nivå. Spelet er derfor god underhaldning for både barn og vaksne!

Framsyningstider:

Laurdag kl 13 og kl 16.30.
Søndag kl. 15.00

Bilettprisar 300,-/100,-
Under skulealder gratis

Vi ser fram til årets sogespel, og kan love ei god forestilling med latter, moro, spenning og vakker musikk!

Ta med deg ein ven, eller fleire og kom å sjå årets Kong Arthurspel!

Pauseår for 2018

I år er det pauseår for Kong Arthurspelet, som alltid, kvart tredje år. Men vi er sterkt tilbake i 2019, andre helga i august, med ny humor og magi og nye dagsaktuelle tema. Vi sjåast då ved kongsvollen på Sandsøya!

Vi fekk kulturprisen!

I eit facebookinnlegg av Sandemessa frå november 2017 les vi om dette:

Kulturprisen gjekk i år til Kong Arthurspelet på bakgrunn av at arrangementet er felles og samlande for heile kommunen. Prisen og pengepremien på 20 000 kr blei mottatt av Jostein Korsnes og Aril Sande. Vi gratulerer!

Lenke: [Klikk her]

Årets spel 2017

No er det 17 år sidan det første Kong Arthurspelet, og vi er klare på nytt! Det nærmar seg årets spel, og etter eit pauseår ser vi no fram til nye sprell på Kongsvollen.

Kong Arthurspelet er eit humoristisk sogespel. Det vert framført på Sandsøya eller Dolløya som øya heitte på Keltisk og gamalnorsk. Spelet si målgruppe er familien, men med humor som går på fleire nivå. Spelet er derfor god underhaldning for både barn og vaksne!

Framsyningstider:

Laurdag kl 13 og kl 16.30.
Søndag kl. 15.00

Bilettprisar 300,-/100,-
Under skulealder gratis

Vi ser fram til årets sogespel, og kan love ei god forestilling med latter, moro, spenning og vakker musikk!

Ta med deg ein ven, eller fleire og kom å sjå årets Kong Arthurspel!

Årets spel 2016

No er det 16 år sidan det første Kong Arthurspelet, og vi er klare på nytt! Det nærmar seg årets spel, og etter eit pauseår ser vi no fram til nye sprell på Kongsvollen.