Billettar

Kong Arthurspelet si målgruppe er familien, men med humor som går på fleire nivå. Spelet er derfor god underhaldning for både barn og vaksne! Vi har bevisst sett barnebillettprisen så låg som råd, slik at det skal vere rimeleg å ta med borna på spel!

Framsyningstider

Laurdag 12. august kl 13:00 og kl 16:30
Søndag 13. august kl. 15:00

Billettar

Spelbillett vaksen – 430,-
Spelbillett barn (grunnskule t.o.m. 16 år) – 160,-
Born under skulealder kjem gratis inn

Båttransport laurdagen – kr 50 kvar veg (100 kr tur/retur). Lik pris for alle.
Busstransport Voksa-Sandshamn – kr 50 kvar veg (Vipps direkte ombord i bussane). Lik pris for alle.

Vi anbefalar å kjøpe billett på førehand, då slepp du stå i billettkø ved inngongen. Laurdagen er det også mogleg å førehandsbestille seg billett til båten, og dermed kan du planlegge turen og vere trygg på å kome deg både ut og inn til planlagt tid.

Vi aksepterer sjølvsagt følgjekort. Dei som har godkjent bevis kan ta med følgje gratis på spel og båt. Der er eigen kategori for denne type billett ved førehandsbestilling. NB: Det er til følgje ein skal bestille eigen kategori, vedkomande som treng følgje kjøper vanleg billett. Hugs å ta med følgjekort til billettkontrollen.

Det er også mogleg å kjøpe billettar ved inngangen – prisen er den same både på nett og ved inngangen. Det kjem ikkje noko gebyr i tillegg verken på nett eller i døra.

Billettar kan du kjøpe på linkane nedanfor: