Kong Arthur-kabaret august 2022!

KONGELEG KABARET PÅ KONGSVOLLEN

Kong Arthurspelet byd inn til kongeleg kabaret på Sandsøya, laurdag 14.august kl 16:00.
Som ei erstatning for avlyst spel, kan publikum få oppleve vakker song, musikk, galskap og humor i ekte «Kong Arthurånd».
Ei mindre gruppe frå spelet, med regissør Oddbjørn Hagen i spissen, er klar for ei feststund på vollen. Gamlekongen, Wilhelm Støylen, er konferansier, og vår dyktige Tale Vang Ellefsen er musikalsk ansvarleg.
Det blir kun førehandssal på billettar og det er sett opp båtskyss Larsnes -Sandshamn t/r.
Vi har grense på 200 billettar så det blir god avstand i amfiet.
Her kan du kjøpe billett til kabaret og båt. Her finn du også rutetidene:
NB: Det blir ikkje oppsett skyss frå Voksa ferjekai. Alle som kjøper båtbillett må møte til den avgongen dei har kjøpt til.
Alle må ha munnbind på båten og ta vanlege omsyn til smittevern.
Og hugs:
Kl. 12:00 blir det aktivitetar og sprell ilag med aktørar for ungar på Martinstranda, med m.a Wilhelm frå BarneTV.