Oddbjørn A. Hagen frå Levanger har hatt hovedansvar for manuskript og vore regissør sida det første Kong Arthurspelet i 2000. Han er lærerutdanna med erfaring fra grunnskole, folkehøgskole og kulturskole. I mange år turnerte han med skolekonserter for Rikskonsertene og i perioda 1987-2007 var han engasjert som hovedinstruktør ved Norsk Revyfestival på Høylandet der han også hadde fleire års engasjement som konferansier. Hagen har delteke og delvis hatt ansvar for regi ved fleire utendørsoppsettingar i Trøndelag. Han har vore medlem i sang og musikkgruppa Levangeroktetten, som kontinuerlig sida 1980 har gleda sitt publikum med song, musikk, revy, cabaretar, Barne-TV-seriar og opptredener i radio, TV og ved festivalar. Sida 1980-talet har han vorte godt kjend med det sunnmørske folk og lynne gjennom revyer saman med dei andre i manusgruppa og Kong Arthurspelet. Han er gift med Astrid J. Saure fra Haugsbygda, som også er med i manusgruppa og i fleire år har fungert som regiassistent. Dei har 3 vaksne born, som alle har vore med i Kong Arthurspelet fleire gonger.