Årets spel 2023

No er det 23 år sidan det fyrste Kong Arthurspelet, og vi er klare på nytt! Vi nærmar oss august og ser igjen fram til nye sprell på Kongsvollen.

Kong Arthurspelet er eit humoristisk sogespel. Det vert framført på Sandsøya eller Dolløya som øya heitte på Keltisk og gamalnorsk. Spelet si målgruppe er familien, men med humor som går på fleire nivå. Spelet er derfor god underhaldning for både barn og vaksne! Kong Arthurspelet er alltid 2. helga i august:

Framsyningstider:

Laurdag kl 13 og kl 16.30.
Søndag kl. 15.00

Bilettprisar 430,-/160,-
Under skulealder gratis

Vi ser fram til årets sogespel, og kan love ei god forestilling med latter, moro, spenning og vakker musikk!

Ta med deg ein ven, eller fleire og kom å sjå årets Kong Arthurspel!