Speløya

Sandsøya er eit eldorado for rekreasjon og opplevingar både på sjø og land. Øya har rik historie med stor fiskeriaktivitet. Seinar år har turismen vekse fram som ein viktig del av øya. Tilreisande kjem for å oppleve naturen, havet og stemninga.

Sykkeltur på Sandsøya er ei verkeleg flott oppleving. Fleire gode stoppestadar der ein kan nyte nista si, eller berre sette seg ned i fjøresteinane og vere til.

Tur til Dollsteinhola står på mange si ynskjeliste når ein skal vitje Sandsøya. Skal ein ned i hola er det anbefalt å ha med erfaren guide.

Sandsøy IL har tilrettelagt svært fine turløyper rundt heile øya, med turar for både små og store.

Kombiner gjerne Kong Arthurspelet med ein tur rundt om på Sandsøya, det vil du ikkje angre på!

Nyttige lenker – Sandsøy/Voksa

www.sandsoy.no/overnatting
Rosenlund Hamn
Rorbu Mikkelholmen
Skare Havstuer