Transport

Kart

Den raude nåla vise kor spelplassen “Kongsvollen” held stad. Zoom gjerne inn og ut etter ynskje. Ferja legg til land ved Voksa (sjå lenger ned på kartet).


Gå inn på Sandsøy-været for å sjekke korleis veret er på “spel-øya”. For den som kjem med båt kan ein sjekke vindforholda på Sandsøya på windfinder.com.

Ferje

Du finn ferjerute på Fram Møre og Romsdal sine sider – Aktuell rutetabell er 1066 Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøy.

Det er ikkje så enkelt å finne parkeringsplass for tilreisande til spel. Så vi oppmodar om å ta sykkelen, eller ta bussen frå Voksa til Sandshamn. Sjå eige info om buss lenger nede.

Gjennom samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune vert det sett opp ekstraturar for B-ferjå på søndag 13. august. Denne vil gå etter fylgande rutetabell:

Vi veit frå tidlegare år at søndagen kan ofte vere litt hektisk og ein del venting på Voksa. Så legg inn god margin om du skal rekke viktige avtalar eller til dømes flyreiser. Vi kjem til å ha trafikkvakter på Voksa denne søndagen, som vil prøve å halde kontroll på køa så godt som råd.

Båt

Kong Arthurspelet set opp eigen skyssbåt laurdag 12. august. Denne vil gå mellom Larsnes og Sandshamn. Båten vil nytte kommunekaia på Larsnes og kaia ved Sandefisk på Sandshamn. På desse avgongane vil det vere mogleg å førehandsbestille billettar, og du kan dermed planlegge turen på spel og vere trygg på å kome deg både fram og tilbake etter planen din. Det tek ca ca 15-20 minutt å gå frå kaia på Sandshamna til spelplassen. Dersom spelet kl 13:00 varer lenger enn planlagt vil vi syte for at båten kl 15:30 frå Sandshamn ventar.

Båtavgongar Laurdag 12. august

– frå Larsnes kl 11:30 (tilpassa spel kl 13:00)
– frå Larsnes kl 12:20 (tilpassa spel kl 13:00)
– frå Larsnes kl 15:00 (tilpassa spel kl 16:30)
– frå Larsnes kl 15:50 (tilpassa spel kl 16:30)

– frå Sandshamn kl 15:30 (tilpassa spel kl 13:00)
– frå Sandshamn kl 16:30 (tilpassa spel kl 13:00)
– frå Sandshamn kl 19:00 (tilpassa spel kl 16:30)
– frå Sandshamn kl 19:45 (tilpassa spel kl 16:30)

Buss

Kong Arthurspelet set opp buss som går mellom Voksa og Sandshamn både laurdag og søndag. Vi har ikkje moglegheit å førehandsreservere plass, men bussane går i skyttel – og vi vil prøve å syte for at alle som vil på spel kjem seg dit. Men om du vel ferje/buss så legg inn god margin slik at du er trygg på å nå spelet. Bussbillett kjøpast direkte på Vipps – eige informasjon om dette ombord i bussane. Bussbilletten kostar 50 kr kvar veg for vaksne, og 25 kr for born under 16 år.

Bussen går i fylgjande tidsrom: 

Laurdag 
Fyrste tur kl 11:00 (Frå Voksa) 
Siste tur kl 20:30 (Frå Sandshamn) 

Søndag 
Fyrste tur kl 12:10 (Frå Voksa) 
Siste tur kl 19:00 (Frå Sandshamn) 

Skulle det stå igjen passasjerar etter siste avgong vil bussen kome attende og hente dei. Møt opp i god tid før siste avgongar!